Dei som er tilsett ute i fylka har eit særskilt ansvar for å følgja opp trafikksikringsarbeidet regionalt med omsyn til Trygg Trafikk si rolle og nasjonale og regionale føringar. Det er eit tett og godt samarbeid med ein rekkje aktørar, der det er verd å nemna Vestland fylkeskommune spesielt.
Trygg Trafikk har også kurs for faggrupper, utviklar nettverk og gjennomfører vedtekne aktivitetar. Kjerneoppgåver for distriktskontora er godkjenningsordninga «Trafikksikker kommune», vidareutvikling av «Hjertesone»-konseptet, å påverka avgjersletakarar politisk og administrativt til å prioritera trafikktryggleik, bistå barnehagar og skular slik at born i fylket får ein trafikksikker oppvekst, samt jobba for påverka trafikantar til å ta riktige val i trafikken.
Regionleiaren er også Trygg Trafikk sin mediekontakt i fylket.