Bryne skule
Mykje og aukande biltrafikk i skulen sitt nærområde førte til eit samarbeid om å lage ei hjartesone.
Kven tok initiativ til hjartesone?
- Det har vore eit samarbeid mellom elevråd, FAU, skuleleiing, trafikkansvarleg i kommunen, samt folkehelserådgjevar. Trygge skulevegar er eit prioritert folkehelseområde i Time kommune.
Kva var trafikkutfordringane rundt skulen?
- Skulen har tidlegare uttrykt bekymring for aukande trafikk i nærområdet til skulen. Det er mange barn som blir køyrt til skule og SFO, og dette fører til auka trafikk og mindre trygg skuleveg for dei elevane som går eller syklar til skulen. Det er tronge vegar som leier inn til skulen, og kommunen har sett opp forsterka lys for å betra tryggleiken på overganger. Likevel er me bekymra for mengda av køyretøy som ferdast i området medan 500 elevar er på veg til skulen. Dette ønskjer me å få gjort noko med. Me ønskjer at området rundt skulen vert ei hjartesone. Dette betyr at hjartesona er tilnærma bilfri i tida elevane er på veg til eller frå skulen.
Kva tiltak er satt i gang?
- Kommunen har oppretta ei dropsone på parkeringsplassen til Kiwi (Jernbanegata).
- Det er skilta og sett av 5 parkeringsplasser som føresette kan benytte seg av når dei skal levere eller hente på skule og SFO. Føresette kan velge å sette av barnet her, eller parkere og følgje barnet til skulen.
- Det går ein sykkelsti opp frå parkeringsplassen. Når elevane kjem opp til Gamle Hognestadsvegen så er det bare eitt gangfelt dei skal krysse før dei kjem til skulen. Denne vegen har gjennomkøyring forbode og lite trafikk.
Kven samarbeider om tiltaka?
- Kommunen, skuleleiinga, FAU og elevråd samarbeider om tiltaka. I tillegg har kommunen hatt eit godt samarbeid med grunneigar Meierigården v/ AS Betong for å få dette til.
Fakta om Bryne skule: skulen ligg i Time kommune i Rogaland. Det er ein barneskule med 1.- 7.trinn. Skulen har ca. 500 elever.