Dei to gamle fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland delte i november ut trafikktryggingspris, ein tradisjon som held fram for å heidra dei som engasjerer seg for ein tryggare kvardag.
– Kanskje tok vinnaren hintet då dei fysisk blei invitert til ein digital konferanse, seier Jannicke Bergesen Clarke, leiar for hovudutval for samferdsel og mobilitet, i tillegg til å vere leiar for Trafikktryggingsutvalet (FTU).
Jobba systematisk
Prisen er på 50 000 kroner, og det er FTU som deler ut prisen.
– På FTU-møtet måndag blei det bestemd kven som skulle få prisen for 2020. Vi var alle einstemmig einig om kven som skulle få prisen, seier Jannicke Bergesen Clarke.
Ein kommune utpeika seg, og har jobba systematisk og grundig med arbeidet med «hjartesone». I år er det Bergen kommune som får prisen.
Ein «hjartesone» rundt skulen gjer det tryggare for elevar å gå og sykle. Ønsket er færre bilar og tryggare stopp- og hentesonar for alle. Du kan lese meir om hjartesone på Trygg trafikk sine sider.
Trygger mange skulebarn
– Dei var den første kommunen i landet som fatta vedtak om at alle skulene skulle ha hjartesone. Kommunen har mange barneskular, så dette var eit modig vedtak. Alle skulene har sin trafikktryggingsplan og dette trygger mange skulebarn, grunngjer Bergesen Clarke.
Eline Haakestad, byråd for klima, miljø og byutvikling og Endre Tvinnereim, byråd for barnehage, skule og idrett tok i mot prisen.
– Arbeidet er viktig for barna sin sikkerheit og gåbyen Bergen. No har vi erfaring og kan hjelpe andre kommunar om gjennomføre liknande prosjekt, seier Haakestad.
Bergensprosjektet – noko å sjå opp til for andre?
Åslaug Bergsvåg, prosjektleder og Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland har følgt hjartesoneprosjektet i Vestland tett. Dei trur prosjektet kan vere noko for andre å følgje etter.
– Ja, det viser vel at Bergen kommune har gjort noko rett. Sjølv om andre byar etter kvart er i gang, er Bergen «arneredet» for eit forpliktande vedtak for heile byen og alle skulane. Slik sett er eg overtydd om at andre har noko å læra av bergensprosjektet, seier Røssland Nestås.
Samarbeidet har eigentleg vart heilt sidan ein leita etter ein måte å følgja opp ein interpellasjon som kom i bystyret hausten 2016. Det er skikkeleg artig å sjå korleis eit ambisiøst og visjonært politisk vedtak etter kvart har vist seg å bli konkret og kvardagsleg bydrift til det beste for trafikktryggleiken og barna.
– Det at Bergen kommune satsar politisk på systematisk, haldningsskapande trafikksikkerheitsarbeid er eit eksempel til etterfølging. Når kommunen får denne prisen er dette med på å anerkjenne verdien av denne delen av trafikksikringsarbeidet. Vel fortent! seier Bergsvåg begeistra.
Bergsvåg har i tre år vore med å leie gjennomføringa av bystyrevedtaket i Bergen kommune om å rulle ut Hjartesone ved alle skulane.
– Det er klart det er motiverande når arbeidet ein gjer viser igjen på denne måten, og dette skapar driv til vidare satsing. Alt arbeid innanfor trafikksikring krev kontinuerleg innsats. Målet er at Hjartesone skal ha evig liv! avsluttar Bergsvåg.
Saka sto opprinneleg på nettsida til Vestland fylke.
Foto: Eva Vinjevoll – Vestland fylkeskommune